Redningsaksjonar og grilling på Månena

550 arrangerte i dag friluftsdag på Månena. Rundt 50 born og vaksne møtte ved Månenahytta som er idrettslaget Vestglimt si hytte. Hytta ligg på omlag 500 moh og er lett tilgjengeleg for dei fleste.

image

Utsyn til Kinsarvik frå dammen som ligg i enden av den øverste skogsvegen.

image

Fint og lett turterreng siste del av turen.

image

Sørfjorden ein vakker søndagsføremiddag.

image

Månenahytta.

Kjetil Lerfall hadde laga ei omlag ein kilometer lang orienteringsløype som dei som ville kunne prøve seg på etter litt kursing i bruk av kart og kompass.

Me var svært heldige og fekk besøk av heile tre ekvipasjar frå Norske Redningshundar. Hilde og Theo, Narve med Styrk og Jørn med Sicko. Etter litt orientering om arbeidet dei gjer og korleis dei trener opp hundane fekk me demonstrert korleis dei gjer søk og korleis dei ulike hundane har ulike måtar å gje beskjed om at dei har funne noko. Imponerande hundar, imponerande hundeeigarar og imponerande arbeid!

image

Informasjon til eit lydhøyrt publikum. Frå venstre Jørn Lervik, Hilde Norheim og Narve Nielsen. Alle frå Norske Redningshundar.

image

Sjølv heltar synest det er godt med litt kos innimellom.

image

Etter søk etter svært mange ungar (og vaksne) var det godt med litt mat. Grillspyd med assortert kjøt og grillspyd med grønnsaker stod på menyen.


image

image

Theo var sliten etter å ha funne SÅ mange store og små folk som hadde gått seg vill, at han kom seg ikkje lenger enn rett innanfor døra før han sovna.

 

550 ynskjer å takka kvar og ein som kom og brukte søndagen i lag med oss!

Perlekjedet 550

I vinter har ei gruppe i Vikebygd arbeidd med å kartlegge mat- og overnattingstilbod i krinsen. Resultatet har vorte ei god og utfyllande liste med namn på utleigar, kontaktinformasjon samt antal overnattingsplasser.

image

 

Åse Marie Reisæter som driv matservering i Bestastovo har laga ein plakat om sitt mattilbod. Denne er tenkt plassert ut i hus som vert leigd ut til turistar og kanskje andre stader. Plakaten ser slik ut:

image

 

 

Ei slik kartlegging og systematisering av resten av overnattings-/ og mattilboda langs 550 burde vore gjennomført og publisert på stader som Vikebygd landskapspark si heimeside og 550.no. På sikt kan ein og laga ei oversikt og skildring av aktivitetar, turstiar, osv.

Er det nokon som tek utfordringa?

 

Friluftsdag på Månena 28. august 2016

Søndag 28. august arrangerer 550 Friluftsdag på Månena.

Arrangementet startar kl 12.00 og me reknar med å vera ferdige seinast kl17.00.

Me har fått med oss Hilde Norheim og hunden hennar Theo som skal demonstrera korleis ein redningshund arbeider. Har du lyst å læra deg bruk av kart/kompass vert det høve til det. Har du kompass? Ta det gjerne med!

Me lagar og til bål og byr på grillspyd med assortert kjøt samt grønnsaker og kanskje ein liten dessert. Saft/vatn/pulverkaffe/te til drikke. Ta gjerne med ein tallerken/kopp.

Alt dette får du for kun kr 50 pr person.

Er du ikkje kjent? Kjøyr til Hauso skule og fortsett oppover til Aarekol. Ta til venstre første veg etter byggefeltet og fortset til enden på skogsvegen. Her er ein del parkeringsplasser. Hugs bomavgift på kr 50 i starten av skogsvegen.

Hjarteleg velkomne!

image

«Tv2 God Sommer Norge – hva vil dere vise fram?»

Beklagar språket – men ein Mail med denne overskrifta tikka inn i mailboksen min ein dag.

Vidare tekst såg slik ut:

Hei,

I sommer skal Tv2 sitt sommerprogram, God Sommer Norge, ut på veien.

Der ønsker vi å besøke spennende plasser, underholdene og engasjerende mennesker, og først og fremst spre sommerfølelsen fra landets kriker og kroker. Derfor tar jeg kontakt i håp om at dere i kommunen kanskje vet om noen i deres by som kunne vært interessante for oss.

Dere gjerne spre forspørselen til andre dere tror kan bidra:)

Det kan være alt fra personer med en spennende historie, som feirer sommer’n på utradisjonelt vis ellers som rett og slett bare MÅ vises fram for det norske folk.

Det kan også være plasser/steder eller arrangementer som dere mener vi bør ta en titt på. Vi har selvsagt ikke mulighet til å besøke alt og alle, men jo fler forslag jo bedre!

Håper på positive og sommerlige svar.
Vh Lars Hansen
God Sommer Norge

 

Her har vel me MYKJE å bidra med!

Kva vil DU skal visast fram?

Meld inn idear så kan me sende inn ei koordinert lang liste.

 

Rådgjevande folkerøysting i Ullensvang om kommunestruktur

23. mai 2016 er det rådgjevande folkerøysting i Ullensvang. For stemmekrinsen på vestsida er oppmøtestad Hauso samfunnshus.

Røystelokalet opnar kl 1000 og stengjer kl 2000.

 

Har du behov for skyss på valdagen? 

Ta kontakt med ein i valstyret og me skal prøva å organisera dette.

 

Korleis ser røystesedlane ut? 

imageimageimage

 
Deling eller grensejustering? 
På ja-røystesetelen vert veljane spurde om dei er opne for deling av heradet – ja eller nei. Kva er deling? Kva er grensejustering?
Deling og grensejustering burde så absolutt vore tydeleg avklara – men samstundes er det ikkje noko presis grense mellom kva er kva. Han svara ikkje tydeleg Fylkesmannen heller på dette spørsmålet. Ullensvang kløyvt etter fjorden, er deling. Oksenhalvøya + ev. Ringøy/Bu vil vera grensejustering – men viss Kinsarvik vert med på det laget – er det då deling?
Eg har måtta forklara fleire at dei kan seia nei til deling utan at det betyr noko for Oksenhalvøya. Folk synest det er svært fornuftig at Oksenhalvøya knyter seg opp nordover, men dei trur dei hindrar dette ved å seia nei til deling. Det gjer dei altså ikkje. (Forfatta av Kåre Grønsnes og publisert på Facebook-arrangementet Kva skal DU stemma?)

 

Har du spørsmål? Skriv dei inn her, ta kontakt med Ullensvang Herad (telefon 53671500) eller ta kontakt med ein i røystestyret.

 

Godt val!

Mvh

Røystestyret Hauso valkrins

Kåre Grønsnes – leiar
Ingvild Hauso – nestleiar
Amund Velure – medlem
Olaug Askeland – medlem
Gunnhild Jåstad – medlem
Terje Bleie – medlem
Jørund Kvestad – varamedlem
Isak Reisæter – varamedlem
Kari-Anne Kvestad Kråkevik – varamedlem
Inger Marie Himle – varamedlem

Lev langsamt langs 550!

550 er vegen ut, vegen heim att, 550 er vegen inn og vegen gjennom, alt etter kor ein skal. 550 er vegen som snor seg mellom kulturminne, fruktgardar og bratte bakkar. 550 er vegen som føl landskapet og syner over 100 år gammal ingeniørkunst, der møteplassen likegjerne er ei låvebru som ei asfaltert utkøyring laga av Statens Vegvesen. 550 er vegen som knyter oss som bur mellom Jondal og Odda saman, fjorden på den eine sida, Folgefonna på den andre. 550, ei livsnerve for eit langsamt tempo. (særleg mellom Utne og Herand)

Innimellom reiser eg til Oslo. Landskapet berre susar forbi. Travle folk med mobilen på øyra og tomme blikk, som sit som sild i tønne i kupeane, er reisefølgje. Vel framme på Oslo S hastar dei til eit eller anna møte. Reisa frå Gardermoen til Oslo S, i eit forrykande tempo symboliserar på mange måtar levesettet her. Business, vekst, tempo.

Kontrasten frå 550 til Flytoget er stor.

Sakte TV med Bergensbanen minutt for minutt, Hurtigruta og Nrk Sommarbåten har gått rett heim hjå folk. Cita Slow- ei rørsle av område som fokuserar på det ekte, enten det er mat eller kultur, veks fram fleire stader i verda. Blad som Lev Landlig har kjempe suksess. Fleire og fleire ynskjer å dyrka sin eigen mat. Dette fortel kanskje at mange har ein draum om eit litt langsommar liv, leva litt meir «jorda», i kontakt med naturen.

550 og området rundt er alt dette! Deler av vegen innbyr ikkje til fart. Bakkane er bratte. Ein må ta det med ro. Det er gode mogelegheiter for å dyrka mat. Ekte kulturhistorie ligg som perler på ei snor; skiferbrotet på Solesnes, Herand-den kulturhistoriske bygda, skrivargarden på Hesthammar og Agatunet på Aga for å nemna noko.

Kva med å marknadsføra dette området med :

Lev Langsomt Langs 550 ! Det er eit potensiale der ute.
Mange vil nok hevda at for å få vekst og utvikling bør ein helst vere lokalisert nær ein by, ein stamveg, ein flyplass, eller tilhøyra ein «stor og robust» kommune. Slik er det ikkje.
Telemarksforskning og Distriktssenteret har gjennomførd ein studie av 15 suksessrike distriktskommunar. Kvifor har akkurat desse fått vekst i folketal og eller arbeidsplasser ?

Kort fortalt handlar det om:
1. At det finst ein utviklingskultur.
Kommunen/næringslivet er kjenneteikna av at ein har offensiv og optimistisk utviklingskultur som kan avgjera om tilfeldigheitene slår inn.
2. Å utnytta dei gylne mogelegheitene.
Kommunen kan snu seg rundt, legg meir vekt på tilpassing og fleksibilitet, enn reglar og kontroll.
3. Å utnytta smådriftsfordeler.
Kort veg mellom ide og avgjerd, utnytta dette bevisst.
4. Eldsjeler og enkeltpersonar med forandringskraft.
Entusiastane er bærebjelkar som er avhengig av å ha samarbeidspartnarar rundt seg for å styrkja utviklinga, og ta vare på dei når dei kjem med idear.
Kva med å marknadsføre det langsamme livet, med natur og kulturen tett på, og høve til å dyrka sin eigen mat? Ein levemåte som appellerar til mange, kombinert med ein utviklingsstrategi i tråd med funna til Telemarksforskning og Distriktsenteret.

Spennande, spør du meg !

Sigrid Brattabø Handegard
Landsbylos i Jondal

Farmen 2016 til vestsida?

Strix televisjon, produsenten av TV2-serien Farmen, er på jakt etter den nye Farmen-garden for 2016-sesongen!

Dei har eindel kriteriar for den nye garden og områda rundt, så om du har eller veit om ein gard som tilfredstiller desse, ta kontakt med stine.falstad@strix.no.

 

Kriterier for Farmen-garden 2016: 

– Gården må ligge helt isolert fra omverdenen. Det kan ikke være synlig bebyggelse i nærheten av gården på noen måter, ei heller ute på vannet. Jo større avstand til nærmeste nabo, jo bedre.

– Det kan ikke gå motorvei i nærhet av gården, da synet av biler og alt av moderne transport vil ødelegge opplevelsen av å være 100 år tilbake i tid, mens lyden vil ødelegge opptakene. Alle veier til gården må kunne sperres av.

– Det kan ikke være strømmaster eller noe annet moderne fra vår tid som det ikke går an å fjerne.

– Det må være vann (badevann) tilknyttet til gården. Vannet må være maks 300 meter fra selve hovedhuset og må være synlig fra gården.

– Åpent landskap er høyt på ønskelisten i år. Altså ikke mye skog.

– Det trenger ikke være mange bygg på eiendommen. Det er mye som kan bygges av oss.

– Vi må kunne gjøre store endringer med selve gården og huset, men dette kommer vi nærmere inn på senere. I første omgang vil vi bare se på muligheter.

– Takhøyde inne må være minimum 220 cm.

– Flat mark ønskes.

I tillegg til dette trenger vi noe informasjon om hvor langt unna nærmeste hotell er. Vi kommer til å være et crew på 30-50 personer som må bo maks 30-40 minutters reise fra selve gården.

Ha i bakhodet at vi kan gjøre store forandringer på et sted, så hvis plassen er stor og åpen vil vi gjerne se! I de tilfeller det går an for dere for å skaffe bilder, er det helt optimalt.

Send gjerne med gnr/bnr slik at vi kan se på flyfoto av eiendommen.

image

Falstad opplyser på Mail at område for eventuell ny gard ikkje er sett, og at dei inntil vidare kun er i researchfasen for mogeleg ny sesong.

 

 

Kva bankar ditt hjarte for? ❤️

Sparebanken Vest deler ut 1 million kroner i samfunnsutbytte til gode prosjekt i Hardanger.

Om Regelverk og tildeling står dette:

Regelverk:
Søkjaren må vere organisert som eit lag, ei foreining eller ein organisasjon – eventuelt kan enkeltpersonar søkje om tildeling til eit bestemt lag, ei foreining eller ein organisasjon.
Prosjektet må ha nedslagsfelt i ein av følgjande kommunar: Kvam, Eidfjord, Ulvik, Granvin, Ullensvang, Odda eller Jondal.
Prosjektet må vere lett å gjennomføre i praksis.
Det blir ikkje tildelt midlar til:
Offentlege kjerneoppgåver
Ordinær drift
Sponsorobjekt
Religiøse og partipolitiske tiltak
Tildelingar:
Det samla tildelingsbeløpet utgjer 1 million kroner. Beløpet kan delast ut til éin eller fleire mottakarar, og det er juryen som bestemmer kven som får pengar. Beløpa er ikkje fastsette på førehand og kan såleis variere frå prosjekt til prosjekt.

 

Trykk på linken – HJERTEBANK – og nominer DITT hjartebankprosjekt!

Me har MANGE gode å ta av! ❤️

 

 

 

Kofter og kafé

Denne helga har Folgefonn Husflidslag hatt kofteutstilling og kafé i Grannahuset på Utne. Omlag 140 personar var og besøkte utstillinga med 110 gamle og nye kofter. Nokre av koftene vart og presenterte med historia deira.

 

imageimage

imageimage

image

Kafe i koselege Utne Grannahus.

image

image

Nye og gamle strikkebøker og oppskriver var og utstilt.

image

Det var mogeleg å kjøpa garnpakkar til vaskeklutar og prinsessetøflar, tova tøfler og anna frå Hillesvåg Ullvarefabrikk..

image

Nesten like men likevel heilt ulike!

 

image

På utlån frå Hardanger Folkemuseum. Kofta bak frå venstre er frå Utne, og dei to andre frå Vines. Dei to framme er attendekomne frå Oslo.

 

image

På utlån frå Hardanger Folkemuseum. Gammal og flott og attende frå Oslo.

image

image

Mangslags fint til tørk.

image

Eit koftetre innandørs.

image imageimage

image

Veggjer og benkar måtte nyttast for å få vist fram alt.

image

Utstillingsdokker er kjekt å ha for å visa fram dei fine plagga.

image

Variasjonar i grått, svart og kvitt. Åttebladsrosa går att i mange av koftene.

image image image

 

koftebok_ullensvang_1

Dei 140 innbetalande var med i trekkinga av ei flott Ullensvang-kofte i blått og kvitt. Den heldige vinnaren som har ei varm og god kofte å sjå fram til er: Grethe L. Børve. Tillukka! (Biletet er lånt av Sandnes Garn.)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Hjarteleg velkome, HardingarT!

I HF på nett i kveld kan me lesa at Bankbygget på Utne no er solgt.

 

image

 

Pressemelding 09.02.2016

Bankbygget på Utne vert kunstnarsentrum

Sparebanken Vest sel bankbygget på Utne til Kjell-Erik Ruud som etablerer eit kunsthus med atelier og galleri for kunstnarar. HardingarT vert namnet på senteret som ôg vil huse kafé, arkiv, konferanserom og utleigerom. – Me ser på dette som ei særs god løysing. Det vil skape nytt liv og ei ny framtid for det flotte bankbygget. Om alt går som planlagt så vil dette trekke til seg tilreisande og skape auka aktivitet på Utne, seier regionbanksjef Tom Rasmussen i Sparebanken Vest.

– Det har vore som ein lang marsj, og me er glade for at me no ser mållina og kan gje stafettpinnen vidare til ein ny eigar og dermed gje nytt liv og ei ny framtid for bankbygget, slår regionbanksjef Tom Rasmussen i Sparebanken Vest fast. Banken har stor tru på at dette vil skape både auka aktivitet og trekke til seg tilreisande til Utne.

Heilt sidan kunngjeringa av nedlegging av det gamle hovudkontoret til Hardingbanken, har det vore jobba med å skape ei ny framtid for bygget. Sparebanken Vest og Ullensvang Herad har vore sentrale i dette arbeidet i lag med ei arbeidsgruppe, nemnt «bankgruppa», med deltaking av sentrale politikarar og andre dyktige folk på Vestsida.

– Me har mellom anna jobba med etablering av eit nasjonalt jordskiftesenter. Dette har heradet og Hardanger og Voss Museum tidlegare forsøkt å få realisert med utspring i Aga-tunet, fortel ordførar Solfrid Borge. Eit særs bra prosjekt, men krevjande å få igjennom då me er avhengig av tilslutnad frå sentrale styresmakter. – Det at HardingarT no vert realisert som eit kunst- og kulturhus på Utne, inneber ikkje at desse planane vert lagde i skrinet. Heradet vil arbeide vidare med prosjektet. Om det vert realisert, har me avtalt med Kjell-Erik Ruud at han vil vike plass for eit slikt senter, eventuelt at me kan få til ein såkalla «Ole Brumm-løysing» – Ja takk begge delar, slår ordføraren fast.

Aktivitet i heile bygget

– HardingarT vert namnet på nyskapinga. Den er tenkt som eit «kulturhus» med 5 atelier for lokale kunstnarar og 2 atelier for tilreisande kunstnar som ynskjer å kome til Utne for å arbeide i 1-3 månader, fortel Kjell-Erik Ruud. Vidare er det tenkt å etablere ein kafé som ôg skal fungere som kantine for kunstnarane. Me ser føre oss eit galleri med to årlege utstillingar i regi av det nystarta Hardanger Kunstforeining, samt at lokale foreiningar skal kunne leige seg inn og ha utstillingar.

I andre høgda er planen å ta vare på Peisestova for å kunne tilby hotellet konferansefasilitetar som dei ikkje har i dag. I tillegg er planen at ein byggjer om delar av etasjen til hyblar for utleige både til tilreisande kunstnarar og andre. – Dette vil ikkje være ein konkurrent til hotellet, då tilbodet er tufta på ei heilt anna kundegruppe enn det hotellet rettar seg mot, fortel Ruud.

Ruud arbeider med å få til «aktivitet» inn i det store arkivrommet i fyrste etasje. Dette er godt egna til sikker lagring og oppbevaring av kunst, instrument og viktige dokument – spesielt vinterstid. Ruud er heller ikkje framand for at bankbygget kan verte nytta av andre som ein møteplass for næringsliv, øvingslokale, mindre konsertar osb.

– Eg ynskjer å skape det eg veit mange saknar i regionen; Eit kunstnarfellesskap, eit kontaktnett mellom kunstnarar i inn- og utland og ein stad for folk på Utne som dei kan stikke innom og ta en kopp kaffi eller noko å bita i. Utne ligg midt i hjarte av Hardanger, og det var her kunstnarar kom for å skape. Det kan skje igjen, fortel Kjell-Erik Ruud.

Kjell-Erik Ruud er kurator, busett på Voss og har kjennskap til Utne ved at han har fritidsbustad der. Han er masterutdanna frå Kunsthøgskulen i Bergen, har røynsle som planleggjar og kurator for ei rekkje utstillingar mellom anna Nasjonal Kunstfestival. Ruud sit ôg i styret for Norske Kunstforeiningar som representant for Vestlandet. Nyleg fekk han tildelt kulturprisen på Voss av Voss Kommune.

Nytt liv i eit viktig bygg.

– Me er glade for at me har kome fram til ei slik løysing, fortel Rasmussen. Bodet frå Ruud er høgare enn det fyrste bodet, men likevel lågare enn prisantydning. Når bygget ikkje er seld i nærleiken av prisantydning i dei 2 1⁄2 åra det har lagt ute for sal, då må me sjå i auga at dette er prisen me kan få for bygget. Med i vurderinga har me sjølvsagt teke med at prosjektet som Ruud vil etablere har stor ålmenn nytte for Utne og for Vestsida. Det vil skape aktivitet og bygget vil verte levande og ikkje berre eit reint hybelhus utan anna aktivitet at det bur folk i huset. – Til det er bygget alt for viktig for Utne som sentrum, avsluttar regionbanksjef Tom Rasmussen i Sparebanken Vest.

 

Hjarteleg velkomne og lukke til!