Perlekjedet 550

I vinter har ei gruppe i Vikebygd arbeidd med å kartlegge mat- og overnattingstilbod i krinsen. Resultatet har vorte ei god og utfyllande liste med namn på utleigar, kontaktinformasjon samt antal overnattingsplasser.

image

 

Åse Marie Reisæter som driv matservering i Bestastovo har laga ein plakat om sitt mattilbod. Denne er tenkt plassert ut i hus som vert leigd ut til turistar og kanskje andre stader. Plakaten ser slik ut:

image

 

 

Ei slik kartlegging og systematisering av resten av overnattings-/ og mattilboda langs 550 burde vore gjennomført og publisert på stader som Vikebygd landskapspark si heimeside og 550.no. På sikt kan ein og laga ei oversikt og skildring av aktivitetar, turstiar, osv.

Er det nokon som tek utfordringa?

 

2 replies
  1. ARNHILD BLEIE
    ARNHILD BLEIE says:

    Hei

    Eg ville berre sei at eg håpar verkeleg bygdalag etter bygdalag langs 550 lagar seg slik oversikter og vurdere samarbeid?
    Det MÅ kome frå eige initiativ skal det fungere.
    Sia kan representantar frå kvart bygdalag sy saman 550-perlene i eit kjede 🙂

    Vidare ville eg fortelja at i kveld, 15. nov skal me her i Vikebygd ha eit oppfølgjingsmøte med oppsummering av sesongen og diskutera kva som var bra og dårleg.
    Det har vore skikkeleg kronglete puslespel å få samla dei fleste, men tredje gong går det. Me vert rundt 20 stk oppe hjå Åse Marie.
    Det seier seg vel sjølv at viss alle skal få kome til orde, er det ikkje godt å samla fleire i slengen.
    Vinteren er ei god tid til slik aktivitet – i sommarhalvåret er for travelt.

    Svar

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.