Lev langsamt langs 550!

550 er vegen ut, vegen heim att, 550 er vegen inn og vegen gjennom, alt etter kor ein skal. 550 er vegen som snor seg mellom kulturminne, fruktgardar og bratte bakkar. 550 er vegen som føl landskapet og syner over 100 år gammal ingeniørkunst, der møteplassen likegjerne er ei låvebru som ei asfaltert utkøyring laga av Statens Vegvesen. 550 er vegen som knyter oss som bur mellom Jondal og Odda saman, fjorden på den eine sida, Folgefonna på den andre. 550, ei livsnerve for eit langsamt tempo. (særleg mellom Utne og Herand)

Innimellom reiser eg til Oslo. Landskapet berre susar forbi. Travle folk med mobilen på øyra og tomme blikk, som sit som sild i tønne i kupeane, er reisefølgje. Vel framme på Oslo S hastar dei til eit eller anna møte. Reisa frå Gardermoen til Oslo S, i eit forrykande tempo symboliserar på mange måtar levesettet her. Business, vekst, tempo.

Kontrasten frå 550 til Flytoget er stor.

Sakte TV med Bergensbanen minutt for minutt, Hurtigruta og Nrk Sommarbåten har gått rett heim hjå folk. Cita Slow- ei rørsle av område som fokuserar på det ekte, enten det er mat eller kultur, veks fram fleire stader i verda. Blad som Lev Landlig har kjempe suksess. Fleire og fleire ynskjer å dyrka sin eigen mat. Dette fortel kanskje at mange har ein draum om eit litt langsommar liv, leva litt meir «jorda», i kontakt med naturen.

550 og området rundt er alt dette! Deler av vegen innbyr ikkje til fart. Bakkane er bratte. Ein må ta det med ro. Det er gode mogelegheiter for å dyrka mat. Ekte kulturhistorie ligg som perler på ei snor; skiferbrotet på Solesnes, Herand-den kulturhistoriske bygda, skrivargarden på Hesthammar og Agatunet på Aga for å nemna noko.

Kva med å marknadsføra dette området med :

Lev Langsomt Langs 550 ! Det er eit potensiale der ute.
Mange vil nok hevda at for å få vekst og utvikling bør ein helst vere lokalisert nær ein by, ein stamveg, ein flyplass, eller tilhøyra ein «stor og robust» kommune. Slik er det ikkje.
Telemarksforskning og Distriktssenteret har gjennomførd ein studie av 15 suksessrike distriktskommunar. Kvifor har akkurat desse fått vekst i folketal og eller arbeidsplasser ?

Kort fortalt handlar det om:
1. At det finst ein utviklingskultur.
Kommunen/næringslivet er kjenneteikna av at ein har offensiv og optimistisk utviklingskultur som kan avgjera om tilfeldigheitene slår inn.
2. Å utnytta dei gylne mogelegheitene.
Kommunen kan snu seg rundt, legg meir vekt på tilpassing og fleksibilitet, enn reglar og kontroll.
3. Å utnytta smådriftsfordeler.
Kort veg mellom ide og avgjerd, utnytta dette bevisst.
4. Eldsjeler og enkeltpersonar med forandringskraft.
Entusiastane er bærebjelkar som er avhengig av å ha samarbeidspartnarar rundt seg for å styrkja utviklinga, og ta vare på dei når dei kjem med idear.
Kva med å marknadsføre det langsamme livet, med natur og kulturen tett på, og høve til å dyrka sin eigen mat? Ein levemåte som appellerar til mange, kombinert med ein utviklingsstrategi i tråd med funna til Telemarksforskning og Distriktsenteret.

Spennande, spør du meg !

Sigrid Brattabø Handegard
Landsbylos i Jondal

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *