Den Gylne omveg?

Me har spurt ulike personar både i og utanfor heradet om dei kunne tenkt seg å skriva ein tekst om «550 og framtida». Førespurnaden som har vorte sendt ut ser slik ut:

«Har du lyst å skriva ein tekst som omhandlar 550 og framtida? Vinkling, tema, lengde og form bestemmer du sjølv. Me håpar me får mange tekstar – humoristiske, visjonære, provoserande, positive, utviklande, kreative!»

Kven sitt syn på 550 og framtida ynskjer DU å høyra? Send oss gjerne eit tips!

Fyrste bidrag er iallfall innkomne. God helg!

 

 

550 – SAMARBEID OG GIMMICKS
Den Gyldne Omveg
På 1990-talet ein gong vart E6 lagt om slik at vegen gjekk utanom bygdene i deler av Inderøy kommune i Nord-Trøndelag.
E6 går no strake vegen mellom Røra og Vist, 12 minuttar tek den køyreturen. «Men viss du køyrer Den Gyldne Omveg mellom Røra og Vist, tek det 8 minuttar meir – eller ein dag, ei veka, ein sommar, eit heilt liv»?
Då deler av Inderøy hamna på skuggesida kommunikasjonsmessig, tok kommunen tak og inviterte næringsaktørar til samarbeid. Slik vart Den Gyldne Omveg til – ei vegstrekkje som går gjennom vakkert kulturlandskap.
Aktørane langs ruta tilbyr mat, kunst- og kulturopplevingar, der både tradisjon og nyskaping vert ivareteke. Me kan vitja kunsthandverkaren i sitt verkstad, gardsmatprodusenten, minnesmerke, galleri og kunstmuseum, skulpturpark, – og me kan eta og sova godt i fredelege omgivnader.
Nærleik til sjøen gjev høve til bading, fiske, båt- og friluftsliv.
Den Gyldne Omveg brukar altså næringslivet – gartneriet, kaien, saumverkstaden, kyrkja, saga, gardsbruket (gardsbutikkar, overnatting og servering), butikken, bakeriet, ljosstøyperiet, bryggeriet, fotografen, båten (turar og fiske), kunstverkstaden, glasbutikken, sykkelen, naturen (fiske og fysiske tilbod), fargerike fuglekassar og skulpturparken – som reiselivstilbod.
Fellesskapstenking er nøkkelfaktoren.

Den Gylne Omveg

Alle tilboda vert marknadsførte i samarbeid og under same logo.

 

Lucky Næroset
Næroset ligg i Ringsaker kommune nord for Mjøsa. Den 28. november 1999 kl.14.14 møttest nokon for å leggja ein strategi for å berga Fagernes skule som var truga av nedlegging. Resultat vart Lucky Næroset, fristat med eiga regjering.
Dette vart starten på eit eventyr. Basert på verdiane humor, fantasi, galskap og mot har bygda vorte kjent i inn- og utland for sin måte å tenkja annleis.
Regjeringa var m.a. stasminister, innviklingsminister, helseminister, oppmuntringsminister, tomtegubbe og fleire med viktige oppgåver. Tomtegubben skulle få fortgang i tomtespørsmål for dei som ville byggja hus, helseministeren skulle helsa på alle som kom til bygda.
Målsetjinga var: «Eit betre og rikare liv for oss som bur i Fagernes skulekrins».
Finansieringa i fyrste omgang var sal av stasobligasjonar. Det vart sett i gang can-can-undersøking for å registrera kven som ville vera med, og kva dei ville vera med på.

image

Næroset skulle koma på kartet: «Midt i væla» midt mellom N`Dele i Sør-Afrika, Karachi i Pakistan og New York i USA, midt mellom Gjøvik, Lillehammer og Hamar. Det vart sett opp skilt desse stadene som viste kor langt det var til Næroset. (De hugsar kanskje TV-programmet då Lucky Næroset sette opp skiltet i Malaysia?)
Innviklingsministeren produserte ein «Negaknekker» – verdas einaste maskin som overfører positiv kraft til negativt tenkjande personar.

Dei laga til julegrantenning både fyrste sundag i advent (vi tenner julegrana) og i januar (vi tenner på julegrana – felles avbrenning av alle joletrea i bygda). Dei hadde joletremuseum – fekk tak i joletrea til kjendisar som m.a. Kjell Magne Bondevik, Viggo Sandvik og Sigbjørn Johnsen. (Museet vart stengt i 2006 etter pålegg av brannvesenet.)
Dei bygde Den Jordiske Freds Plass for gråsteinskosing, stubbesitting, meitemark-lytting, maursafari og kontorlandskap (som vart opna av Lars Sponheim).
Dei laga til Komframse (kom – fram – se!) – bygdebegeistringsfest med Lucky Kraft – for interesserte i Noregs land (eg har sjølv vore deltakar).
Frå flaggstengene hekk det grøne humørvimplar.
Dei bygde «De utenkte tankers tårn» – det var viktigare
med nye tankar enn med tankar som alt var tenkte.
Begeistring – ein ring – vart delt ut til dei som fortente det
– både lokalt og nasjonalt.
Folk kunne få UFO-besøk – UForutsett Oppmuntring.
Elevane på skulen fekk i oppgåve å teikna det mest utenkelege. Dan Cato Olsen teikna ein underjordisk flyplass – som vart bygd. Midt i flyplassen ligg det ei helsing, men den er ikkje lesen enno då flyplassen står ubrukt. Men mange tyskarar, krokete med smil og undring, har vitja flyplassen «Olsens plass».
Lucky Næroset har rekorden «Verdas største akebrett» med plass til 484 personar.
Eg kunne halde fram med fleire kreative innfall frå Næroset, men trass alt er eg mest imponert over dette: I 2005 bygde «Lucky Næroset» skule for 200 elevar, lærarbustad, brunn og latrine i Mabayo, Sierra Leone. To år seinare bygde dei helsestasjon same staden. Det heile byrja med at det i blinde vart sett ein finger på globusen dee setjast opp Næroset-skilt, men ingen hadde lyst å reisa dit for å gjera det. Då vart det bestemt at dei heller ville byggja skule – og det vart gjort i samarbeid med Plan Norge.
Alle innfalla førte til optimisme i næringsliv og smil hjå folk flest, turistar tok turen til Næroset for å få med seg «spilloppene”, KIWI-butikken auka omsetnaden monaleg og Kjell Magne Bondevik brukte 45 sekunder og 94 ord på «Lucky Næroset» i nyttårstala si.
Aktiviteten i Lucky Næroset har nok slokna ein del. Men skulen vart berga; kommunen byggjer no ein ny Fagernes skule i Næroset.

Kvifor skriv eg om «Den Gyldne Omveg» og «Lucky Næroset»?
Me er vorte ein omveg, me og. Me er små bygder til liks med Næroset.
«Den Gyldne Omveg» og «Lucky Næroset» er bygdemobilisering med ulike verkemidlar – og begge førte fram til måla. Sjølv om verkemidla er ulike, er vilje til samarbeid og fellesskap samnemnaren.

Me som bur frå Odda til Jondal er saman om 550. Viss me skal samarbeida, må me gle oss over kva me har i dei ulike krinsane og byggja det saman. Alle verdiar og aktivitetar i ein krins styrkjer heile 550. Me må alle hegna om og forsterka det som alt finst i krinsane. Me er ikkje kvarandre sine konkurrentar; me er ”dei langs 550” – me er aktive, me tek del og me deler med oss. Gjennom samarbeid og aktivitet kan me få krafta til optimisme, pågangsmot og utvikling på tvers av krinsgrensene.
Me kan tilrettelegga mest dei same tilboda som «Den Gyldne Omveg» langs 550 – og me kan endåtil plussa på med nye.
Og så sper me på med gimmicks for å vekkja merksemd – t.d. bunadsbelte tvers over asfaltstripa fv. 550.

Kåre Grønsnes

 

 

Har du noko du ynskjer å formidla til andre??

550.no har vore i drift i litt over ein månad, og me er svært nøgde både med tilbakemeldingar og besøk. Sida er fortsatt under utvikling, og den bør tilpassast etterkvart som me ser kva det er behov for. Om nokon har idear om kva anna som bør inn enn det som er der i dag – send ein Mail eller legg att ein kommentar.

Me ynskjer no å ha litt fokus på kalenderfunksjonen på sida. Me prøver som tidlegare sagt å leggja inn i kalendaren det me kjem over av møter, festivalar, festar, basarar, treningar, gudstenester, osv. Men – me klarar nok ikkje å få med oss alt!

Har din organisasjon lyst å ha tilgang til å leggja inn arrangement i kalendaren sjølv? Det er fullt mogeleg! Og veldig enkelt! Ta kontakt så skal me rettleia!

Om de ikkje ynskjer tilgang sjølve legg me gjerne ut for deko. Meld frå kva de ynskjer lagt inn og me ordnar det!

Sprei ryktet om kalenderfunksjonen! Og set gjerne 550.no som DI startside!

image

Slik ser kalendaren ut. Du finn den i fana øverst på sida. Her kan du bla deg att og fram i månadane. Er datoen merka blå er det ei hending denne dagen. Trykk på datoen og du får opp kva som er lagt inn. Lukke til!

Kulturforskjellar?

Ingebjørn Bleidvin skriv om mangt og mykje. Denne gongen har han brukt pennen til å ytra seg om kommunestruktur. Dette vart sendt til herads- og kommunestyra i Jondal, Ullensvang og Odda i dag. Har han rett?

 

Kommunesamanslåing og den krympande kulturforskjellen

Eg møter ein del folk frå Midtausten i jobben som allmennlege, og
deira kultur kan vera vanskeleg å forstå, sjølv om eg har reist ein
del der opp gjennom åra. Då eg gjekk på ungdomsskulen på Hauso syntes me folk frå Vines var rare, sidan det var bedehus der ute og enkelte av dei visstnok var kristne. På barneskulen på Nå syntes me Bleiingane at Agingane var litt rare, fordi dei budde i byggefelt og ikkje på eit gardstun, slik me var vant med sjølve. Kva Agingane tenkte om oss, som kom frå bondegardar og heitte «bleie» til etternavn, må gudane vita.

Hvs ein zoomar litt ut på kulturforskjellar, vert dei stort sett
ganske ubetydelege, og tidvis direkte komiske. Ja, det er forskjell på
ein industriby og ei landbruksbygd, for all del. Men skal denne
forskjellen trumfa nye vegar, nedlagte ferjer, bankar og postkontor
utsletta av internett, omlegging av kommunane sitt inntektssystem og
ei historisk nedlegging innan landbruket, for å nemna noko? At Norge
dei komande åra må venta seg ein kraftig økonomisk smell på grunn av oljekrakket hjelper ikkje på.

Eg er oppvaksen i Vikebygd, men har budd lenge vekke. Eg følger nøye
med på kva som skjer i regionen, men er både på innsida og utsida. Med utsidebrillene på framstår det som direkte fascinerande at nokon
seriøst vurderar å etablera ein ny kommune som er delt av fjorden. At
me har arva dagens grenser frå tidlegare tider er greit nok, og det
fungerar på eit vis. Men å gå inn for ein ny fjorddelt kommune i 2016
inneber at du har eit ganske eksotisk syn på korleis
samfunnsstrukturen kjem til å sjå ut dei komande tredve åra.
Kaos overalt

Til dei som er skeptiske til politikken i eine eller andre kommunen:
Kommunepolitikk er alltid litt treg, litt kaotisk, veldig personbasert
og ganske ofte brutal. Det gjeld i Odda, i Jondal, i Ullensvang og det
gjeld også i større kommunar der ein skulle tru forholda var meir
profesjonelle. Berre sjå på kaoset som har vore i Bergen. Hovudregelen
er at me får dei politikarane me fortenar.

Det tyngste og mest fornuftige argumentet eg har sett for å gjera noko
anna enn å slå saman Odda, Ullensvang og Jondal, er at Vestsida i ein
utvida fjordakommune (“Nordalternativet”) vil vera likeverdig med
resten av kommunen. I valkrinsane frå Måge til Alsåker bur det over
1200 menneske, altså fleire enn i Ulvik, Granvin eller Eidfjord. Det
vil vera enklare å argumentera for å få sin del av kaka i form av
tenester og investeringar når ein utgjer ein så stor del av kommunen.
Men det er også det einaste argumentet me kan tillegga særleg vekt.

Eit vanleg forsøk på å legga debatten død, er å seie at me veit kva me
har, men ikkje kva me får. Det er viktig å ikkje forhalda seg til
dette utsagnet som eit gubbete molboargument for å behalda alt som det er for ein kvar pris, men som ein motivasjon til å sjå nøyare på kva
ei samanslåing vil medføra. Då må ein sjå konkret på kva kommunen
tilbyr.

Utrygge tenester

Det som gjer at kommunen har noko som helst å seie for folk, er dei
kommunale tenestene, då særleg skule, barnehage og helse/omsorg. Jobb
og fritidsaktivitetar er sentrale ting i livet for den enkelte, men
dei er ikkje nødvendigvis direkte knytt til kor kommunegrensene går.
Kva vil så ei samanslåing med Odda ha å seie for dei kommunale
tenestene på Vestsida?

Den mest openbare negative konsekvensen er at Vikebygd skule vil vera trua. Det vil vera lett for eit pressa kommunestyre å seie at det er
halvanna mil frå Måge til Odda, halvanna mil frå Bleie til Hauso, og
dela skulekrinsen mellom der ein stad. Halvanna mil er ikkje mykje når ein susar avgårde med bil, men det er sjølvsagt noko anna med ein treg skulebuss på rasutsette vegar vinterstid. I dag tek skulebussen ca 25 minutt frå Bleie/Nå til Hauso, og det kjem ikkje til å gå kjappare om
masse småungar skal plukkast opp og stuast på plass. Dette er truleg
den største enkelttrusselen mot samfunnet på Vestsida. På grunn av
avstanden til Odda frå Vines/Alsåker er ikkje Hauso skule i fare på
same måte, heldigvis.

Aldersheimen på Utne vil truleg vera trygg i fyrste omgang. Det er
simpelthen for langt derifrå til Odda, og uansett vil ein trenga ein
del pleiepersonell i området til å hjelpa dei som bur heime eller i
omsorgsbustader. Men sjukeheimsmedisin vert, på grunn av aukande
levealder, stadig meir krevande og krev stadig meir kompetanse og
ressursar.

Legekontoret på Utne vil truleg kunna drivast så lenge det er nokon
som er villig til å jobba der, men i framtida vil svært få legar ha
lyst til å jobba på eit så lite legekontor. Det skuldast dels den
rivande utviklinga innan medisinfaget, og dels folk sine aukande krav
og forventningar. Kontoret vil neppe bli nedlagt i overskueleg
framtid, men i ein situasjon der det er vanskeleg å rekruttera legar
vil det fort kunna bli eit utekontor drifta frå Odda, med reduserte
opningstider. Barnehagane på si side er nok trygge. Det er høg terskel
for å transportera så små barn.

Dette kan virka som ei ganske negativ oppsummering, og iallfall ikkje
som noko argument for kommunesamanslåing. Det er imidlertid så enkelt at eit Ullensvang som berre i år skal spara ni millionar kroner ikkje vil vera noko betre stilt framover enn ein samanslått kommune. Og endå viktigare: Mange av desse trendane er langt på vei uavhengige av kommuneøkonomien. Den desidert største utfordringa er simpelthen å få på plass det ein treng av kompetente folk i ulike sektorar. Då treng ein tilflytting/tilbakeflytting, og då treng ein arbeidsplassar.

Breidare næringsgrunnlag

Langs fjordsidene er det landbruk, helse, oppvekst og diverse små
foretak innan handverkarsektoren som i hovudsak utgjer
arbeidsmarknaden. I Jondal er nesten ein tredel av jobbane innan helse og omsorg. Skal du som fjording gjera noko anna må du enten starta for deg sjølv eller reisa til Odda. Andelen av sysselsette i Ullensvang som pendlar ut av kommunen har krype jamnt oppover frå ein tredjedel ved årtusenskiftet til nesten 40% no. I 2014 hadde Jondal rekordhøg negativ pendlingsbalanse (antal innpendlarar minus antal utpendlarar).

Ingenting tilseier at dette vil endra seg, heller tvert om. Landbruk
og fiske utgjer knapt 1% av sysselsetjinga i Odda. Til samanlikning er
det rundt 10% for Ullensvang og Jondal. Men på berre åtte år har
landbruket sin andel av sysselsetjinga i Ullensvang minka med ein
tredel. Det er mykje. Det skjer mykje bra kompetansebygging og
innovativ produktutvikling innan landbruket som truleg vil betra
lønnsomheita og gje opphav til enkelte suksessrike bedrifter. Men
nokre større, strukturelle utslag på sysselsetjings-statistikken vil
me neppe sjå.

Det er derfor i heile Indre Hardanger si interesse å ha ein kommune
som er god på næringsutvikling av alle slag, som har god
saksbehandlingskapasitet og som kan tilby bustader, tomter og
næringsareal til alle som vil ha.

Ikkje berre Vestsida

Saka er mindre opplagt for Jondal og Lofthus/Kinsarvik enn for
Vestsida, men burde heller ikkje vera veldig vanskeleg når ein ser på
realitetane.

Jondal har eit nostalgisk forhold til Kvam, og drøymer truleg inst
inne om ei bru over fjorden til eit Kvam i sterk vekst, med tunnell
under Kvamskogen og pendlaravstand til Bergen. Det er forståeleg, men dessverre lite realistisk.

Etter det som framstår som tidenes lobbymessige mageplask, har
Hordalandsdiagonalen gått frå å vera ein sikker vinnar til å henga i
ein stadig tynnare tråd. Til og med Sunnhordlandsdiagonalen er no
rekna som ein konkurrent, sjølv med Hordalandsdiagonalen sin enorme
fordel i å allerede ha to av tunnellane på plass. Og sjølv om dette
skulle snu, snakkar me uansett minimum om ti-femten år før alt kan
vera på plass. Til Odda køyrer ein allerede i dag på ein god halvtime,
på i hovudsak god, trygg veg.

Det vert av mange teke for gitt at Lofthus/Kinsarvik kjem til å
orientera seg mot nord, noko som undrar meg litt. I den kommunen vil
det vera fire ganske like sentrum med kort avstand frå kvarandre, med
eit vell av mogelegheiter for bikkjeslagsmål om kor ulike funksjonar
og arbeidsplassar skal ligga. Ved samanslåing mot sør vil avstanden
til Odda saman med det relativt høge innbyggartalet langt på veg sikra
desse bygdene tenester på dagens nivå. I tillegg vil dei saman med
Vestsida, Jondal og Røldal utgjera eit interessefellesskap og ein sunn
og sterk balanse mot byen i sentrum. Ingen av desse fire utkantane i
ein ny kommune vil vera ein trussel mot dei andre. Dei er for langt
frå kvarandre til å slåss om skular og andre ting.

Lofthus er ei av dei vakraste, mest vitale bygdene langs heile
Hardangerfjorden og Kinsarvik har ein unik fordel med tilflytting og
arbeidsplassane på Kartverket. Dei har sterk landbruks- og
reiselivskompetanse, og vil ikkje kunna slukast av Odda på noko vis.
Utan å sei noko vondt om Reisemål Hardangerfjord, så er
reiselivssatsinga i Indre Hardanger i dag dels fjernstyrt frå
Norheimsund, og dels styrt på deltid av ein næringskonsulent i Odda.
Kobla med ei omlegging og spissing av dagens kommuneadministrasjon kan bygdene på austsida bli ein kraftig aktør i ei langt sterkare reiselivssatsing.

Den vesle, stadig krympande, forskjellen

Dei meir saklige argumenta rundt Kulturforskjellen går på at
kommuneadministrasjonen og det offentlege apparatet ellers i Odda har eit anna fokus og anna kompetanse enn i Ullensvang og Jondal. Det kan for eksempel godt vera at eit innovativt tiltak som «Dyrk
smart»-prosjektet i fruktnæringa hadde blitt møtt med skuldertrekk og
blanke blikk i Odda rådhus per no. Den ganske hjelpelause handteringa av Trolltunga-boomen så langt viser at industribyen også har ein god del å læra om reiseliv. Kategorien “Overnatting og servering” utgjer ein tre gonger større andel av sysselsetjinga i Ullensvang samanlikna med Odda.

Her møter me imidlertid oss sjølve i døra. Eit av dei hyppigaste
refrenga ein høyrer frå Distrikts-Norge er at me kan skaffa all den
kompetanse som trengs berre me får sjansen. Kartverket i Kinsarvik er
det glitrande eksemplet lokalt. Det står ikkje til truande å samtidig
seie at Odda vil enda opp med å vanstyra Ullensvang og Jondal dersom me går saman. Tvert om kan ein ny, sterkare kommuneadministrasjon med meir kapasitet på utgreiing og saksbehandling vera ein betre samarbeidspartner for innbyggarar og næringsliv.

Proaktiv

Rundt ein tredel av landets kommunar har starta samanslåingsprosessar. Finrekning på akkurat nøyaktig kor mykje pengar ein får frå Staten med det eine eller andre alternativet er eit byråkratisk pliktløp, men uansett forandrar det ikkje på at det vil vera betydeleg mindre attraktivt å vera ein liten kommune framover enn det er i dag.

Kvifor ikkje sjå korleis ein kan få mest mogeleg ut av denne
prosessen, i positiv retning? Vedta, slik Nordhordland har gjort, at
skule- og helse/omsorgs-strukturen er freda minimum fram til ei
samanslåing i 2020. Det vil gi ro rundt dei største stridsspørsmåla,
og gje innbyggarane tid til å jobba og skapa verdiar i staden for å gå
i fakkeltog eller starta protestaksjonar. Bruk uformelle politiske
kanalar mot høgare politiske nivå til å kobla samanslåinga mot andre
ynskjer, eksempelvis utbetring av vegen mellom Folgefonn- og
Jondalstunnellen.

Finn ut kven som er gode til kva og korleis bygdene kan utfylla
kvarandre utan å konkurrera. Eit døme er den paradoksale situasjonen
at fråflyttingskommunane Odda og Ullensvang har mangel på tomter og ledige hus. Forsering av eit nytt byggefelt ved Nå sentrum, i
behageleg pendlaravstand frå Odda, vil bidra til å trygga butikk og
skule, og bidra til auka sentrumspreg der.

Nokon kan reiseliv, nokon kan landbruk, nokon kan industri. Nokon har god plass, nokon har dårleg plass. Dette er ikkje argument for å leva kvar for seg. Tvert om er det argument for å jobba saman.

 

Kommunesamanslåing vs splitting av Ullensvang

Laurdag føremiddag publiserte Joar Førde eit innlegg på «Kva skjer på vestsida?» på Facebook. Overskrifta var «Kommunesamanslåing vs. splitting av Ullensvang». Mange heiv seg med i debatten, og god debatt  vart det! Ei viktig sak for mange.

Hardanger Folkeblad plukka opp saka frå Facebook og hadde det i avisa i dag.

Skjermdump frå HF 27.01.16

Skjermdump frå HF 27.01.16

La gjerne debatten få vidare!

Konsert med Husmødrene på Utne Bibliotek

Ullensvang bibliotek, biblioteket på Utne, inviterer til ei uforgløymeleg oppleving laurdag kl 15.30.

Husmødrene: Silje Hveem, Marie-Elise Lindskog og Inger Elisabeth Aarvik utgjer trioen som syng og spelar 1950-/ og -60-talsmusikk. Dei bind det heile saman med små historiar og anekdotar med skjemt og alvor. Det er nostalgi, humor og det estetiske som står i sentrum. For ikkje snakka om det flotte og talentfulle trekløveret.

Set av ein time og unn deg ei fin stund laurdag!

Arr. er i samarbeid med hardangerbiblioteka
Gratis inngang

Driftsmelding frå Norled

Kinsarvik-Utne:

Rundtur med avgang kl.13.25 fra Kinsarvik, og retur kl.14.00 fra Utne blir innstilt grunnet tekniske problemer.

Sjå driftsmeldingar – Norled for meir informasjon.

Innbyggjararundersøking i samband med kommunereforma

Fylgjande er å lesa på www.ullensvang.herad.no:

«Ullensvang herad gjennomfører i veke 3 (18 – 24 januar) ei innbyggjarundersøking om kommunereforma på telefon. Undersøkinga vert gjennomført av Norstat og Telemarksforskning, på vegne av Ullensvang herad, og dei ringer opp frå nummer 73102100. Undersøkinga blir utført i følgjande tidsrom : 1630-2130 på kvardagar 1300-1800 i helga.»

Har DU gjort deg opp ei meining?

 

Minner om at Ulvik, Granvin og Eidfjord har kommunegrensemøte i kveld. Dette kan fylgjande direkte på nett frå kl 18.00. Trykk på linken om du ynskjer å sjå: Eidfjord kommune – kommunegrensemøte

 

Rasvinteren 1994

I desse dagar er det 22 år sidan den voldsomme skredvinteren i Hardanger, som råka Indre-Bleie spesielt hardt.

Paul Olai-Olssen var i 2013 i samarbeid med Isklar på vestsida og andre stader i Ullensvang og laga ein serie han kalla «Elementer fra Hardanger».

I ein av episodane møtte han Gjertrud Bleie og familien hennar, og dei fortalde om det som hende heime i tunet deira denne januar-dagen. Trykk på linken under og du kjem til programmet.

Elementer fra Hardanger – Skredet

Jan Gravdal – Jangen – har og skrive om hendinga på sin blogg.

Bleieskredet – 1000 årsskredet

Paul Olai-Olssen laga i serien «Elementer fra Hardanger» fleire program frå Vikebygd; om Jolatorget og Buførevegen mellom anna.

Kanskje det ligg fleire program frå vestsida ute på nett?

 

 

Kor er initiativet?

I dagens HF har Leif Stana eit leserinnlegg med overskrifta «Vestsido, kor er initiativet?»

Han er oppteken av Bankbygget på Utne og kva dette kan verta, ikkje berre for Vestsida,

men for heile Indre Hardanger.

Manglar me initiativ? Kva kan Bankbygget verta? Korleis kan me få det til?

 

image

 

Kva er di meining? Bruk kommentarfeltet under.

Litt informasjon frå heradet

Her kjem litt informasjon klypt frå Ullensvang herad si nettside:

 

Den nye skule- og barnehageruta for 2016/2017:

image

 

Opningstider for Utne og Nå bibliotek:

imageimage

 

Opningstider og aldersgrenser for folkebadinga på Hauso skule:

image

 

Biblioteka og badinga sine opningstider finn de att i kalendaren.