Kvifor 550?
550 kom til verda våren 2013. Me er ein ideell organisasjon der formålet er å laga aktivitetar og skapa engasjement i bygdene våre som ligg langs fylkesveg 550 i Ullensvang herad.
Målgruppa til 550 er:
– alle som bur her
– alle som har budd her
– alle som gjerne skulle ha budd her
– alle som er i området
– alle som ynskjer å besøka området
…. og alle andre som berre er nyfikne!
Ein av grunntankane våre er å ha fokus på samhandling på tvers av bygdene. Grendene og folka langs fylkesveg 550 har mykje positivt å by på – både for fastbuande og tilreisande.
I vår korte levetid har me vore med på ulike arrangement og prosessar.
– Me var med og arrangerte «Den store damefesten» hausten 2013, der damer med postnummer 5776, 5777 og 5778 var inviterte og stod for kvar sine oppgåver til festen. Det var goodiebagar, mannekeng-oppvisning, kjolesalg, tapas, champagne og dans til seine natta.
– Tidlegare same haust arrangerte me konsert på Grimsnuten 1233 moh med Sigrid Moldestad og Sigbjørn Apeland. Trøorgel og Hardingfele vart frakta opp med helikopter. Heile 250 menneske traska oppover fjellsidene for å få med seg hendinga.
– Me har vore med og sett ned ei arbeidsgruppe som skal arbeida for ny idrettshall i tilknytning til skulen på Hauso. Hallen er no komen med inn i budsjett for 2016 og økonomiplan for 2017-2019.
– I samarbeid med Vikebygd landskapspark, Herand landskapspark og landsbylosen i Jondal har me hatt eit prosjekt der me har sett nærare på næringslivet langs fv 550, korleis ein bedre kan samarbeida og korleis ein kan nytta kvarandre bedre.
– 17. mai 2014 fekk me halda tale på fellesarrangementet på Utne. Grunnlovsjubileumet var i fokus og me sendte avgårde 200 gassballongar for å feira.
– Me sette fv 550 på kartet med mystikk og maling i nattens mulm og mørke før Tour des Fjords 2015. Vegen vår vart sett på kartet både lokalt og nasjonalt.
– Me har og vore med og sett ned ei gruppe som har arbeidd med å oppretthalda ferjetilbodet Kinsarvik-Utne-Kvandal.
Styret i 550 består no av Agnethe Jåstad Raaen, Kjetil Lerfall, Tor Stian Ramsøy og Ingvild Hauso. Isak Reisæter var med tidlegare. Målet vårt er å ha med representantar i styret frå heile strekkja langs 550, og me jobbar med å få dette på plass.
postkassar langs 550