Godt nytt år!

550 avslutta 2015 med innslag i Hardanger Folkeblad der 550.no var tema.

Me vil ynskja kvar og ein av dykk eit godt, kreativt og innhaldsrikt år!

 

image

Kva skal vegen heita?

Ullensvang heradet no i gang med å setja namn på vegane i kommunen. Heradet laga eit forslag, og namneforslaga var i utgangspunktet lagt ut på offentleg høyring i perioden 04.09.2015 til 01.10.2015. Høyringsfristen vart den 23.09.2015 utvida av konstituert teknisk sjef til 13.10.2015 og seinare til 15.10 2015. Det kom inn 133 høyringsinnspel i saka.

Saka har vore handsama i formannsskapet i november og i heradsstyret i desember. I sakspapira står det:

«Fv 550 frå Kvitno til Utne/Åsleitet. Arbeidsgruppa hadde kome med framlegg om Utnevegen. Odda kommune har også handsama sak og kome framlegg om samanhengande adresseparsell frå Eitrheim til Utne. Dei har kome med framlegg om Utnesvegen. Frå høyringsrunda er det kome fleire innspel, rangert etter det somnamn med flest innspel: Folgefonnvegen, Sørfjordvegen Vest, Vestsidevegen, Vestsida. Det er kome framlegg om at vegen frå Eitrheim til Utne , Jondal og attende i folgefonnstunnelen får namnet Folgefonnvegen. Det er kome nokre andre namn på vegen frå Utne til Åsleitet. Arbeidgruppa kom med framlegg om Jondalsvegen. Jondal kommune har ikkje starta med namsetjing/me har ikkej fått melding attende om namn. Frå høyringsrunda er det kome framlegg om: Folgefonnvegen, Sa… (Her manglar det tekst i saksdokumenta red.)

Rådmannen legg fram saka for heradsstyret utan tilråding. Dersom det skal vera eit felles namn frå Eitrheim via Utne /Jondal og attende gjennom Folgefonnstunnelen, må dette drøftast nærare med Odda, Jondal og Kvinnherad kommune. Dersom det ikkje vert semje om namn, kan heradsstyret gjev namn frå kommunegrensa på Kvitno og til Åsleitet. Heradsstyret må også ta stilling til om adresseparsellen skal delast opp ved Utne eller at det skal vera ein adresseparsell.»

I novembermøtet i formannsskapet vart det vedteke at heradet skulle gå i dialog med Jondal, Odda og Kvinnherad om Folgefonnvegen rundt Folgefonna. I desembermøtet i heradsstyret viste det seg at Jondal allerede har handsama saka og at dei har gjeve namnet Folgefonnvegen på vegen frå Jondal sentrum og opp til Folgefonna.

Vedtaket frå heradsstyremøtet angåande fv 550 vart dette:

«Ullensvang heradsstyret utset namneval på dei to hovudferdselsårene FV550 Eitrheim-Jondal og RV13 Tyssedal-Bu til neste møte. Rådmannen vert oppmoda om å gå i dialog m/Jondal, Odda og Kvinnherad kommune ang. FV550.»

Saka er ikke avgjort enno med andre ord.

Velkomne til www.550.no!

«Kva skjer på Vestsida?» på Facebook er no oppe i 858 medlemmer. Det vert fleire gonger for dagen lagt ut viktig og mindre viktig informasjon på denne gruppa. Mykje positivt kan seiast om gruppa og gruppa sin funksjon, men det er to punkt som er på den negative sida. Det er mange som ikkje er med på Facebook, og som går då glipp av denne informasjonsflyten. I tillegg er det vanskeleg å finna att informasjon der.

Tanken vår er at www.550.no skal verta ein portal for fastbuande og ein nyttig redskap for tilreisande. Nyinnflytta kan finna informasjon om mangt og mykje som kan gjera «å-vera-ny-fasen» enklare. Det kan verta enklare å leggja arrangement til datoar det ikkje allerede vert arrangert andre ting.

Me har i starten fokusert på tre funksjonar på nettsida:

1. Kalender

Her kan lag/organisasjonar få lagt inn sine arrangement. Me legg sjølve inn det me kjem over, men får naturleg nok ikkje med oss alt. Send oss ei melding med informasjon så skal me leggja det inn.

2. Aktuelt

Her skal me prøva å leggja ut litt saker som treng meir fokus enn kun å leggjast i kalendaren. Døme på dette kan vere ei sak om turane til idrettslaga og poengsystema rundt desse.  Ynskjer de saker inn her – gje besked!

3. Facebook-feed knytt til «Kva skjer på vestsida?»

På framsida til www.550.no ligg det ein feed som vert oppdatert etterkvart som nye ting vert lagt ut på «Kva skjer på vestsida?» på Facebook. Slik kan og dei som ikkje er på Facebook få informasjonen.

På sikt ynskjer me mellom anna å ha ei fane der ein samlar tur-/og stiinformasjon i distriktet. Me har og tankar om ei fane der linkar til andre aktuelle nettsider i distriktet vert samla,

Gjer gjerne www.550.no til DI startside og gje oss gjerne tilbakemelding på funksjonar de ynskjer på sida.

God jol frå oss til dykk!

Jolatrefest og joladans

I gamle dagar hadde kvar og ei bygd sine eigne jolatrefestar og joladansar. Dei fleste bygdene har fortsatt ein eller anna form for joletrefest.

På Utne har dei slått seg saman med Utne sokneråd og arrangerer Heilage tre kongars fest fyrste helga i januar.

På Hauso har dei byta ut den tradisjonelle joletrefesten med romjolsbål ved lavvoen, der dei feirar med grilling, gløgg og pepperkaker.

Vines og Vikebygd har halde på sine tradisjonelle jolatrefestar.

Det er to ting som viser seg og gå att frå gamalt av. Det eine er at nissen kanskje dukkar opp? Ja bortsett frå på Utne for der kjem dei tre heilage kongane. Det andre som og fortsatt heng med er gang rundt jolatreet.

Tidlegare var det og dans i alle bygdene. I år er det kun Vikebygd som skal arrangera joledans.

Sjekk kalendaren for meir informasjon om tid og stad og eventuelle kostnader.

 

God jol og godt nytt år!

 

 

Vestglimt sine turpostkassar

Velkomen til å vera med i Vestglimt IL si uhøgtidlege registrering av fjellturar.

Tevlinga startar 1. oktober og varar til 31. september.

Ein fortsett opplegget til Grimo IL og har utvida med 5 nye turmål.

For å forenkla teljearbeidet sender me og ut eit skjema der kvar enkelt turgåar skriv inn kor mange gonger han har vore på kvar plass. Dette skjemaet vert levert til idrettslaget når sesongen er slutt. Når de noterer namnet i bøkene på turmålet ber me om at de bak namnet skriv kor mange turar de har vore på denne plassen til no denne sesongen.

Det er plassert ut postkassar på fylgjande stader: 

  1. Brandstveittveite. På skiltstolpen (400 moh) 1 poeng. Dette er ein lett 1,5 timars tur langs skogsvegen med start frå Jåstad, Brandstveit, Haustveit eller Hauso.
  2.  Indre Jåstad ved Skrivesteinen (600 moh). 1 poeng. 2 timars tur langs skogsveg og sti med start frå Jåstad eller Velure.
  3. Idrettslagshytta på Månena (580 moh) 1 poeng. 2 timars tur med start frå Hauso, Utne eller Trones langs skogsveg og sti.
  4. Vegaskilsvaren (900 moh). 2 poeng. 4 timars tur med start frå Velure, Jåstad, Brandstveit, Haustveit eller Hauso langs skogsveg og sti
  5. Hausastølen (800 moh) 2 poeng. 4 timars tur med start frå Trones, Utne eller Hauso.
  6. Hausanuten (1120 moh) 3 poeng. 5 timars tur med start frå Velure, Jåstad, Haustveit eller Hauso
  7. Grimsnuten (1233 moh) 3 poeng. 5 timars tur med start frå Hauso, Utne, Lothe, Alvsåker eller Trones.
  8. Rundenuten (1256 moh) 3 poeng. 5 timars tur med start frå Velure, Jåstad, Haustveit eller Hauso. Fantastisk utsikt i godt vær, men farleg å besøkja i skodda pga høge stup.
  9. Jåstadrundenuten (1371 moh) 4 poeng. 6 timars tur med start frå Velure, Jåstad, Haustveit eller Hauso.
  10. Setehaug (480 moh) 1 poeng. 2 timars tur langs skogsveg og sti med start frå Utne.
  11. Demmena ved vassverkshytta (910 moh). 2 poeng. 4 timars tur langs skogsveg og sti med start frå Utne.
  12. Håsete på hyttevegg (780 moh) 3 poeng. 4 timers tur langs skogsveg og sti med start frå Alvsåker eller Lothe.
  13. Aldal på hyttevegg (460 moh) 1 poeng. 2 timars tur langs skogsveg og sti, med start frå Ytre Alvsåker.
  14. Svartavatnet ved Åsleite (306moh) 1 poeng. 1 timars tur langs sti med start frå toppen på Åsleite.

Oppgitte tider er tur retur med gangtempo utan pause.

Det er fylgjande klassar

  • Junior, 0-10 år. Diplom ved 18 eller fleire poeng
  • Sprintar, 11-16 år. Diplom ved 25 eller fleire poeng
  • Travar, 17-70 år. Diplom ved 50 eller fleire poeng
Dei som i tillegg er innom alle turmåla kan smykka seg med tittelen «ekstravagant» til dømes Travar-ekstravagant.
Bronsemerke ved første gongs gjennomføring, sølv ved 3. gong, gull ved 6. gong, krus ved 10. gong og diplom kvart år.
Den som får flest poeng kvar sesong får tittelen «Folgefonnkonge/dronning» og ein premie.

Solnut IL har og lignande turmål og poengsystem. Me har ikkje funne oversikt over desse enno. Fint om nokon kan hjelpa oss med dette.

God tur og lukke til!