Hjarteleg velkome, HardingarT!

I HF på nett i kveld kan me lesa at Bankbygget på Utne no er solgt.

 

image

 

Pressemelding 09.02.2016

Bankbygget på Utne vert kunstnarsentrum

Sparebanken Vest sel bankbygget på Utne til Kjell-Erik Ruud som etablerer eit kunsthus med atelier og galleri for kunstnarar. HardingarT vert namnet på senteret som ôg vil huse kafé, arkiv, konferanserom og utleigerom. – Me ser på dette som ei særs god løysing. Det vil skape nytt liv og ei ny framtid for det flotte bankbygget. Om alt går som planlagt så vil dette trekke til seg tilreisande og skape auka aktivitet på Utne, seier regionbanksjef Tom Rasmussen i Sparebanken Vest.

– Det har vore som ein lang marsj, og me er glade for at me no ser mållina og kan gje stafettpinnen vidare til ein ny eigar og dermed gje nytt liv og ei ny framtid for bankbygget, slår regionbanksjef Tom Rasmussen i Sparebanken Vest fast. Banken har stor tru på at dette vil skape både auka aktivitet og trekke til seg tilreisande til Utne.

Heilt sidan kunngjeringa av nedlegging av det gamle hovudkontoret til Hardingbanken, har det vore jobba med å skape ei ny framtid for bygget. Sparebanken Vest og Ullensvang Herad har vore sentrale i dette arbeidet i lag med ei arbeidsgruppe, nemnt «bankgruppa», med deltaking av sentrale politikarar og andre dyktige folk på Vestsida.

– Me har mellom anna jobba med etablering av eit nasjonalt jordskiftesenter. Dette har heradet og Hardanger og Voss Museum tidlegare forsøkt å få realisert med utspring i Aga-tunet, fortel ordførar Solfrid Borge. Eit særs bra prosjekt, men krevjande å få igjennom då me er avhengig av tilslutnad frå sentrale styresmakter. – Det at HardingarT no vert realisert som eit kunst- og kulturhus på Utne, inneber ikkje at desse planane vert lagde i skrinet. Heradet vil arbeide vidare med prosjektet. Om det vert realisert, har me avtalt med Kjell-Erik Ruud at han vil vike plass for eit slikt senter, eventuelt at me kan få til ein såkalla «Ole Brumm-løysing» – Ja takk begge delar, slår ordføraren fast.

Aktivitet i heile bygget

– HardingarT vert namnet på nyskapinga. Den er tenkt som eit «kulturhus» med 5 atelier for lokale kunstnarar og 2 atelier for tilreisande kunstnar som ynskjer å kome til Utne for å arbeide i 1-3 månader, fortel Kjell-Erik Ruud. Vidare er det tenkt å etablere ein kafé som ôg skal fungere som kantine for kunstnarane. Me ser føre oss eit galleri med to årlege utstillingar i regi av det nystarta Hardanger Kunstforeining, samt at lokale foreiningar skal kunne leige seg inn og ha utstillingar.

I andre høgda er planen å ta vare på Peisestova for å kunne tilby hotellet konferansefasilitetar som dei ikkje har i dag. I tillegg er planen at ein byggjer om delar av etasjen til hyblar for utleige både til tilreisande kunstnarar og andre. – Dette vil ikkje være ein konkurrent til hotellet, då tilbodet er tufta på ei heilt anna kundegruppe enn det hotellet rettar seg mot, fortel Ruud.

Ruud arbeider med å få til «aktivitet» inn i det store arkivrommet i fyrste etasje. Dette er godt egna til sikker lagring og oppbevaring av kunst, instrument og viktige dokument – spesielt vinterstid. Ruud er heller ikkje framand for at bankbygget kan verte nytta av andre som ein møteplass for næringsliv, øvingslokale, mindre konsertar osb.

– Eg ynskjer å skape det eg veit mange saknar i regionen; Eit kunstnarfellesskap, eit kontaktnett mellom kunstnarar i inn- og utland og ein stad for folk på Utne som dei kan stikke innom og ta en kopp kaffi eller noko å bita i. Utne ligg midt i hjarte av Hardanger, og det var her kunstnarar kom for å skape. Det kan skje igjen, fortel Kjell-Erik Ruud.

Kjell-Erik Ruud er kurator, busett på Voss og har kjennskap til Utne ved at han har fritidsbustad der. Han er masterutdanna frå Kunsthøgskulen i Bergen, har røynsle som planleggjar og kurator for ei rekkje utstillingar mellom anna Nasjonal Kunstfestival. Ruud sit ôg i styret for Norske Kunstforeiningar som representant for Vestlandet. Nyleg fekk han tildelt kulturprisen på Voss av Voss Kommune.

Nytt liv i eit viktig bygg.

– Me er glade for at me har kome fram til ei slik løysing, fortel Rasmussen. Bodet frå Ruud er høgare enn det fyrste bodet, men likevel lågare enn prisantydning. Når bygget ikkje er seld i nærleiken av prisantydning i dei 2 1⁄2 åra det har lagt ute for sal, då må me sjå i auga at dette er prisen me kan få for bygget. Med i vurderinga har me sjølvsagt teke med at prosjektet som Ruud vil etablere har stor ålmenn nytte for Utne og for Vestsida. Det vil skape aktivitet og bygget vil verte levande og ikkje berre eit reint hybelhus utan anna aktivitet at det bur folk i huset. – Til det er bygget alt for viktig for Utne som sentrum, avsluttar regionbanksjef Tom Rasmussen i Sparebanken Vest.

 

Hjarteleg velkomne og lukke til!

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.