Oppføringer av Ingvild Hauso

Redningsaksjonar og grilling på Månena

550 arrangerte i dag friluftsdag på Månena. Rundt 50 born og vaksne møtte ved Månenahytta som er idrettslaget Vestglimt si hytte. Hytta ligg på omlag 500 moh og er lett tilgjengeleg for dei fleste. Kjetil Lerfall hadde laga ei omlag ein kilometer lang orienteringsløype som dei som ville kunne prøve seg på etter litt kursing […]

Perlekjedet 550

I vinter har ei gruppe i Vikebygd arbeidd med å kartlegge mat- og overnattingstilbod i krinsen. Resultatet har vorte ei god og utfyllande liste med namn på utleigar, kontaktinformasjon samt antal overnattingsplasser.   Åse Marie Reisæter som driv matservering i Bestastovo har laga ein plakat om sitt mattilbod. Denne er tenkt plassert ut i hus […]

Friluftsdag på Månena 28. august 2016

Søndag 28. august arrangerer 550 Friluftsdag på Månena. Arrangementet startar kl 12.00 og me reknar med å vera ferdige seinast kl17.00. Me har fått med oss Hilde Norheim og hunden hennar Theo som skal demonstrera korleis ein redningshund arbeider. Har du lyst å læra deg bruk av kart/kompass vert det høve til det. Har du […]

«Tv2 God Sommer Norge – hva vil dere vise fram?»

Beklagar språket – men ein Mail med denne overskrifta tikka inn i mailboksen min ein dag. Vidare tekst såg slik ut: Hei, I sommer skal Tv2 sitt sommerprogram, God Sommer Norge, ut på veien. Der ønsker vi å besøke spennende plasser, underholdene og engasjerende mennesker, og først og fremst spre sommerfølelsen fra landets kriker og […]

Rådgjevande folkerøysting i Ullensvang om kommunestruktur

23. mai 2016 er det rådgjevande folkerøysting i Ullensvang. For stemmekrinsen på vestsida er oppmøtestad Hauso samfunnshus. Røystelokalet opnar kl 1000 og stengjer kl 2000.   Har du behov for skyss på valdagen?  Ta kontakt med ein i valstyret og me skal prøva å organisera dette.   Korleis ser røystesedlane ut?    Deling eller grensejustering?  […]

Lev langsamt langs 550!

550 er vegen ut, vegen heim att, 550 er vegen inn og vegen gjennom, alt etter kor ein skal. 550 er vegen som snor seg mellom kulturminne, fruktgardar og bratte bakkar. 550 er vegen som føl landskapet og syner over 100 år gammal ingeniørkunst, der møteplassen likegjerne er ei låvebru som ei asfaltert utkøyring laga av […]

Farmen 2016 til vestsida?

Strix televisjon, produsenten av TV2-serien Farmen, er på jakt etter den nye Farmen-garden for 2016-sesongen! Dei har eindel kriteriar for den nye garden og områda rundt, så om du har eller veit om ein gard som tilfredstiller desse, ta kontakt med stine.falstad@strix.no.   Kriterier for Farmen-garden 2016:  – Gården må ligge helt isolert fra omverdenen. Det […]

Kva bankar ditt hjarte for? ❤️

Sparebanken Vest deler ut 1 million kroner i samfunnsutbytte til gode prosjekt i Hardanger. Om Regelverk og tildeling står dette: Regelverk: Søkjaren må vere organisert som eit lag, ei foreining eller ein organisasjon – eventuelt kan enkeltpersonar søkje om tildeling til eit bestemt lag, ei foreining eller ein organisasjon. Prosjektet må ha nedslagsfelt i ein […]

Kofter og kafé

Denne helga har Folgefonn Husflidslag hatt kofteutstilling og kafé i Grannahuset på Utne. Omlag 140 personar var og besøkte utstillinga med 110 gamle og nye kofter. Nokre av koftene vart og presenterte med historia deira.                                

Hjarteleg velkome, HardingarT!

I HF på nett i kveld kan me lesa at Bankbygget på Utne no er solgt.     Pressemelding 09.02.2016 Bankbygget på Utne vert kunstnarsentrum Sparebanken Vest sel bankbygget på Utne til Kjell-Erik Ruud som etablerer eit kunsthus med atelier og galleri for kunstnarar. HardingarT vert namnet på senteret som ôg vil huse kafé, arkiv, […]