Kofter og kafé
Denne helga har Folgefonn Husflidslag hatt kofteutstilling og kafé i Grannahuset på Utne. Omlag 140 personar var og besøkte utstillinga med 110 gamle og nye kofter. Nokre av koftene vart og presenterte med historia deira.

Det var mogeleg å kjøpa garnpakkar til vaskeklutar og prinsessetøflar, tova tøfler og anna frå Hillesvåg Ullvarefabrikk..

Dei 140 innbetalande var med i trekkinga av ei flott Ullensvang-kofte i blått og kvitt. Den heldige vinnaren som har ei varm og god kofte å sjå fram til er: Grethe L. Børve. Tillukka! (Biletet er lånt av Sandnes Garn.)