Redningsaksjonar og grilling på Månena
550 arrangerte i dag friluftsdag på Månena. Rundt 50 born og vaksne møtte ved Månenahytta som er idrettslaget Vestglimt si hytte. Hytta ligg på omlag 500 moh og er lett tilgjengeleg for dei fleste.
Kjetil Lerfall hadde laga ei omlag ein kilometer lang orienteringsløype som dei som ville kunne prøve seg på etter litt kursing i bruk av kart og kompass.
Me var svært heldige og fekk besøk av heile tre ekvipasjar frå Norske Redningshundar. Hilde og Theo, Narve med Styrk og Jørn med Sicko. Etter litt orientering om arbeidet dei gjer og korleis dei trener opp hundane fekk me demonstrert korleis dei gjer søk og korleis dei ulike hundane har ulike måtar å gje beskjed om at dei har funne noko. Imponerande hundar, imponerande hundeeigarar og imponerande arbeid!
Etter søk etter svært mange ungar (og vaksne) var det godt med litt mat. Grillspyd med assortert kjøt og grillspyd med grønnsaker stod på menyen.
550 ynskjer å takka kvar og ein som kom og brukte søndagen i lag med oss!
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!