Den Gylne omveg?

Me har spurt ulike personar både i og utanfor heradet om dei kunne tenkt seg å skriva ein tekst om «550 og framtida». Førespurnaden som har vorte sendt ut ser slik ut:

«Har du lyst å skriva ein tekst som omhandlar 550 og framtida? Vinkling, tema, lengde og form bestemmer du sjølv. Me håpar me får mange tekstar – humoristiske, visjonære, provoserande, positive, utviklande, kreative!»

Kven sitt syn på 550 og framtida ynskjer DU å høyra? Send oss gjerne eit tips!

Fyrste bidrag er iallfall innkomne. God helg!

 

 

550 – SAMARBEID OG GIMMICKS
Den Gyldne Omveg
På 1990-talet ein gong vart E6 lagt om slik at vegen gjekk utanom bygdene i deler av Inderøy kommune i Nord-Trøndelag.
E6 går no strake vegen mellom Røra og Vist, 12 minuttar tek den køyreturen. «Men viss du køyrer Den Gyldne Omveg mellom Røra og Vist, tek det 8 minuttar meir – eller ein dag, ei veka, ein sommar, eit heilt liv»?
Då deler av Inderøy hamna på skuggesida kommunikasjonsmessig, tok kommunen tak og inviterte næringsaktørar til samarbeid. Slik vart Den Gyldne Omveg til – ei vegstrekkje som går gjennom vakkert kulturlandskap.
Aktørane langs ruta tilbyr mat, kunst- og kulturopplevingar, der både tradisjon og nyskaping vert ivareteke. Me kan vitja kunsthandverkaren i sitt verkstad, gardsmatprodusenten, minnesmerke, galleri og kunstmuseum, skulpturpark, – og me kan eta og sova godt i fredelege omgivnader.
Nærleik til sjøen gjev høve til bading, fiske, båt- og friluftsliv.
Den Gyldne Omveg brukar altså næringslivet – gartneriet, kaien, saumverkstaden, kyrkja, saga, gardsbruket (gardsbutikkar, overnatting og servering), butikken, bakeriet, ljosstøyperiet, bryggeriet, fotografen, båten (turar og fiske), kunstverkstaden, glasbutikken, sykkelen, naturen (fiske og fysiske tilbod), fargerike fuglekassar og skulpturparken – som reiselivstilbod.
Fellesskapstenking er nøkkelfaktoren.

Den Gylne Omveg

Alle tilboda vert marknadsførte i samarbeid og under same logo.

 

Lucky Næroset
Næroset ligg i Ringsaker kommune nord for Mjøsa. Den 28. november 1999 kl.14.14 møttest nokon for å leggja ein strategi for å berga Fagernes skule som var truga av nedlegging. Resultat vart Lucky Næroset, fristat med eiga regjering.
Dette vart starten på eit eventyr. Basert på verdiane humor, fantasi, galskap og mot har bygda vorte kjent i inn- og utland for sin måte å tenkja annleis.
Regjeringa var m.a. stasminister, innviklingsminister, helseminister, oppmuntringsminister, tomtegubbe og fleire med viktige oppgåver. Tomtegubben skulle få fortgang i tomtespørsmål for dei som ville byggja hus, helseministeren skulle helsa på alle som kom til bygda.
Målsetjinga var: «Eit betre og rikare liv for oss som bur i Fagernes skulekrins».
Finansieringa i fyrste omgang var sal av stasobligasjonar. Det vart sett i gang can-can-undersøking for å registrera kven som ville vera med, og kva dei ville vera med på.

image

Næroset skulle koma på kartet: «Midt i væla» midt mellom N`Dele i Sør-Afrika, Karachi i Pakistan og New York i USA, midt mellom Gjøvik, Lillehammer og Hamar. Det vart sett opp skilt desse stadene som viste kor langt det var til Næroset. (De hugsar kanskje TV-programmet då Lucky Næroset sette opp skiltet i Malaysia?)
Innviklingsministeren produserte ein «Negaknekker» – verdas einaste maskin som overfører positiv kraft til negativt tenkjande personar.

Dei laga til julegrantenning både fyrste sundag i advent (vi tenner julegrana) og i januar (vi tenner på julegrana – felles avbrenning av alle joletrea i bygda). Dei hadde joletremuseum – fekk tak i joletrea til kjendisar som m.a. Kjell Magne Bondevik, Viggo Sandvik og Sigbjørn Johnsen. (Museet vart stengt i 2006 etter pålegg av brannvesenet.)
Dei bygde Den Jordiske Freds Plass for gråsteinskosing, stubbesitting, meitemark-lytting, maursafari og kontorlandskap (som vart opna av Lars Sponheim).
Dei laga til Komframse (kom – fram – se!) – bygdebegeistringsfest med Lucky Kraft – for interesserte i Noregs land (eg har sjølv vore deltakar).
Frå flaggstengene hekk det grøne humørvimplar.
Dei bygde «De utenkte tankers tårn» – det var viktigare
med nye tankar enn med tankar som alt var tenkte.
Begeistring – ein ring – vart delt ut til dei som fortente det
– både lokalt og nasjonalt.
Folk kunne få UFO-besøk – UForutsett Oppmuntring.
Elevane på skulen fekk i oppgåve å teikna det mest utenkelege. Dan Cato Olsen teikna ein underjordisk flyplass – som vart bygd. Midt i flyplassen ligg det ei helsing, men den er ikkje lesen enno då flyplassen står ubrukt. Men mange tyskarar, krokete med smil og undring, har vitja flyplassen «Olsens plass».
Lucky Næroset har rekorden «Verdas største akebrett» med plass til 484 personar.
Eg kunne halde fram med fleire kreative innfall frå Næroset, men trass alt er eg mest imponert over dette: I 2005 bygde «Lucky Næroset» skule for 200 elevar, lærarbustad, brunn og latrine i Mabayo, Sierra Leone. To år seinare bygde dei helsestasjon same staden. Det heile byrja med at det i blinde vart sett ein finger på globusen dee setjast opp Næroset-skilt, men ingen hadde lyst å reisa dit for å gjera det. Då vart det bestemt at dei heller ville byggja skule – og det vart gjort i samarbeid med Plan Norge.
Alle innfalla førte til optimisme i næringsliv og smil hjå folk flest, turistar tok turen til Næroset for å få med seg «spilloppene”, KIWI-butikken auka omsetnaden monaleg og Kjell Magne Bondevik brukte 45 sekunder og 94 ord på «Lucky Næroset» i nyttårstala si.
Aktiviteten i Lucky Næroset har nok slokna ein del. Men skulen vart berga; kommunen byggjer no ein ny Fagernes skule i Næroset.

Kvifor skriv eg om «Den Gyldne Omveg» og «Lucky Næroset»?
Me er vorte ein omveg, me og. Me er små bygder til liks med Næroset.
«Den Gyldne Omveg» og «Lucky Næroset» er bygdemobilisering med ulike verkemidlar – og begge førte fram til måla. Sjølv om verkemidla er ulike, er vilje til samarbeid og fellesskap samnemnaren.

Me som bur frå Odda til Jondal er saman om 550. Viss me skal samarbeida, må me gle oss over kva me har i dei ulike krinsane og byggja det saman. Alle verdiar og aktivitetar i ein krins styrkjer heile 550. Me må alle hegna om og forsterka det som alt finst i krinsane. Me er ikkje kvarandre sine konkurrentar; me er ”dei langs 550” – me er aktive, me tek del og me deler med oss. Gjennom samarbeid og aktivitet kan me få krafta til optimisme, pågangsmot og utvikling på tvers av krinsgrensene.
Me kan tilrettelegga mest dei same tilboda som «Den Gyldne Omveg» langs 550 – og me kan endåtil plussa på med nye.
Og så sper me på med gimmicks for å vekkja merksemd – t.d. bunadsbelte tvers over asfaltstripa fv. 550.

Kåre Grønsnes

 

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *