Kor er initiativet?

I dagens HF har Leif Stana eit leserinnlegg med overskrifta «Vestsido, kor er initiativet?»

Han er oppteken av Bankbygget på Utne og kva dette kan verta, ikkje berre for Vestsida,

men for heile Indre Hardanger.

Manglar me initiativ? Kva kan Bankbygget verta? Korleis kan me få det til?

 

image

 

Kva er di meining? Bruk kommentarfeltet under.

5 replies
  1. Anne-Kristine Måkestad
    Anne-Kristine Måkestad says:

    Han har eit poeng, men eg er ikkje einig i at kunst er uaktuelt. Eg har lenge stilt spørsmål om kvifor me ikkje har ein eplekakeproduksjon , me som har dei beste epla og dei beste oppskriftane ( Epleboka til Astrid og Sara Grete). Eplekakeproduksjon og utsalg saman med andre epleprodukt. EPLEHUSET kan husa kafe med løyve til å selja ekte sider. Eplekafeen kan spesialisere seg på eplekaker, epledessertat, syltetøy, nypressa eplesaft, sider. Fruktlager kan ha eit fint utsalg, Museet kan ha eit avdeling med eplet sin historie i Sørfjorden. Eplekunst og eplefestival kvar haust med epledans (tango…) ! Kan på sikt bli arbeidsplassar av det og få Utne tilbake på kartet, det nye reisemålet i Hardanger 🙂

    Svar
  2. Ingvild Hauso
    Ingvild Hauso says:

    Godt innspel Anne-Kristine! Huset er stort, så det er nok mange funksjonar som kunne vore lagt inn der. Spørsmålet er vel om me har nokon som tørr å satsa?

    Svar
  3. Torleiv Naa Helle
    Torleiv Naa Helle says:

    Det er gode tankar frå både Anne Kristine og Leif Stana. Det er plass til mykje i det bygget.
    Ei fin oppgåve for 550 å sjekka ut med innbyggjarane på vestsida om kor mykje kvar einskild kan tenkja seg å gå inn med .
    Dersom ein får inn nok eigenkapital/ aksjekapital får ein nok låna resten.
    Er prosjektet godt trur eg bygget går betydeleg under prisforlangande.

    Svar
  4. Ingvild Hauso
    Ingvild Hauso says:

    Takk for innspel Torleiv! Kanskje ikkje ein dum ide å kjøpa bygget sjølve. Eg trur likevel ideen og konseptet må utgreiast grundig før ein går inn på noko slikt. Kanskje ein kunne ha oppretta ei prosjektgruppe som kunne ha sett på saka?

    Svar
  5. Torleiv Naa Helle
    Torleiv Naa Helle says:

    Ingen dum ide.Det bør vera ein representant frå hotellet i ei slik gruppe, for å byggja kvarandre sterke og ikkje øydeleggja for kvarandre.
    Eg meiner ikkje at hotellet må inn på eigarsida , men ein har heilt klart same interessene.
    Kansje bør ein innvolvera både fruktlagera og museet
    Anne Kristine er vel og ein god kandidat

    Svar

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar til Torleiv Naa Helle Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *